Erfaringer fra et år på folkehøyskole

Publisert: 16. februar 2016

Hanna er 21 år, har cri du chat syndrom og går på folkehøyskole. Her forteller moren hennes om hvordan det er, både for Hanna og for henne selv og mannen.

Første år heimanfrå

Det er 23. august 2014. To foreldre køyrer over brua frå Risøy folkehøgskule, langt sør der Skagerak er neste stopp. Tilbake står Hanna, klar for eit år borte frå heimen. Vi har rydda rommet, lagt klær systematisk i hyller og hengt opp bilete. Litt overraskande var ikkje dei tilsette så veldig interessert i det vi hadde gjort… “Jo, vi kan godt være med deg opp på rommet hennes, men vi pleier å gå gjennom klær og slikt når dere har reist”. Det var bare å innsjå at det ikkje var oss som hadde ansvaret lenger, og dette hadde dei gjort mange gonger.

Kven som hadde størst klump i magen den dagen er ikkje så lett å seie. Hanna var motivert og klar for å flytte, og ikkje det minste lei seg. Kva er det som skjer? Har ho ikkje bruk for oss meir? Rare og ukjende tankar for gjennom oss foreldra, som andre  i same situasjon heilt sikkert kjenner att. Vi tenkjer på alt ho ikkje kan, alt ho ikkje har lært, ikkje er flink til, alle begrensningane i kvardagslivet og all tilrettelegginga. Kan vi erstattast?

Ho var nok spent og svært motivert for dette året. Ein av ledsagarane på Eidene (avlastingssenter) hadde sagt at ho burde gå der, og då var det bestemt. Kva vi som foreldre måtte meine om det var uinteressant.

Vi reiste heim og blei fort vande med livet åleine. Skulen hadde sett opp fast ringetid i veka. Kor ofte skal vi ringe utan at det er masete? Kor går grensa for å bryte inn i hennar privatliv? Ho skal jo få lov til å leve livet sitt utan at vi kikkar, masar og kontrollerer. Det er vanskeleg for oss som har hatt ansvaret heile tida heime å halde tilbake.

Hanna var 20 år då ho begynte på folkehøgskule. Ho har cri du chat syndrom, noko som mellom anna inneberer grov- og finmotoriske vanskar. Talespråket er dårleg og til tider vanskeleg å forstå for ukjende. Sjølv forstår ho svært mykje av det andre seier.

Folkehøgskulelivet er fullt av rutiner og tidsskjema, noko som passer vår Hanna godt. Måltid til faste tider, samlingar med til dømes song og der forventinga om interaksjon er lav. Det er mange ungdommar på same stad og kjensla av å vere ein av mange er fantastisk for ei som er glad i ungdomskulturen, om enn mykje frå observatørplass.

Hanna har mange interesser og følgjer dei på sitt nivå. Som dei fleste ungdommar er ho oppteken av musikk og dermed telefon, musikkspelar og datamaskin. I tillegg speler ho handball og liker å klatre. Om vinteren er ho i sitt ess på slalåmski.

På folkehøgskulen blei ho utfordra til å prøve nye aktivitetar. Lærarane tok med seg Hannas klasse på fjelltur og var ute og gjekk i mange timar. Turen var tøff for ei som strever med balanse og motorikk. Dei må vere utstyrt med eit hav av tolmod dei som jobbar der. Hanna fekk tilbod om å sove under open himmel, i lyngen. Det vart ei fantastisk oppleving, og vi får ei entusiastisk jente på telefonen som lurer på om vi vil vere med på ein slik tur ein annan gong.

Risøya ligg ved sjøen og dei har båtar i alle stoleikar og variantar. Hanna padla i kano og kajakk. Ved sidan av vanlege timar har elevane valfag. Hanna valde bl.a båtførarprøven. Hmm, tenkte mor og lurte på korleis eg skulle få ho frå det. Skulen tilrettela, og Hanna fekk lært seg knutar, var med ut på båttur og deltok i valfaget på sine premissar. Hanna blei oppfordra til å prøve dykking i skulens basseng, kjempespanande. Nok ein gong med forskrekka foreldre på armlengs avstand, som berre såg problem og ikkje muligheiter.

Vi blei veldig imponerte over staben på skulen. Etterkvart som dei vart kjende med elevane la dei til rette, pressa grenser og inspirerte til å prøve nye ting samstundes som dei var i stand til å sjå kor grensene gjekk.

Kvar laurdag var det elevkveld, ein fantastisk felles oppleving for alle elevar. Hanna førebudde sitt innslag lenge. Kvar dag tok ho seg ein tur rundt i området, og difor ville ho lage ein film frå ein slik tur. Med hjelp av ein av stippene (fjorårselevar som jobbar som assistentar) fekk ho lagt musikk på ein kort video og var på den måten også ei av dei som bidrog til underhaldning.

Eksotiske reisemål er vanleg for dei fleste folkehøgskuleelevar. Hannas klasse skulle til Tanzania. Tanzania??? Nok ein gong måtte vi som foreldre gå i oss sjølve for ikkje å halde tilbake, men heller stole på at lærarane visste kva dei gjorde. Hanna kvidde seg nok litt til det ukjende og den lange turen, men ho har fortald mange fine historier og opplevingar frå turen i etterkant. Det var ingen telefonlinje, så vi snakka saman berre ein gong i løpet av 13 dagar. Nok ei utfordring for foreldre.

I det heile er det mykje turar saman med klassen, valfagsgrupper, eller heile skulen. Hanna blei med musikalklassen til New York. Der hadde ho vore i påska og ønska seg tilbake. På vinteren drog heile skulen til Dagali på skiferie. Hanna var i sitt rette element, slalåmbakken.

For dei fleste på folkehøgskulen er det det første året der dei sjølve er ansvarlege for det daglege. Ho måtte vaske, rydde, pakke og liknande i mykje større grad enn heime og lærte masse av det.

Var alt like greitt?
Dei første vekene gjekk fort fram til første frihelg. Ho synest nok det var godt med litt pause. Folkehøgskulelivet er krevjande for alle. For Hanna betydde det at ho nok undertrykte behov som det å slappe av framfor barne-tv. Haustferien kom og vi koste oss saman. På veg til bussen viste det seg at ho nok synes folkehøgskulelivet var for hardt; “ingen forstår meg”, sa ho. Det var krise.

Med tungt hjarte sende vi ho av garde att, men kontakta skulen og blei samde om korleis vi skulle prøve å legge til rette og følgje opp.

Ei utfordring for menneske med dårleg språk er at andre gjerne legg seg på same nivå og det blir veldig barnsleg, repeterande og lite utviklande. Vi fekk skulen til å ta utgangspunkt i Hannas interesser. Ho måtte prøve å snakke tydelegare, og lærarar, stippar og medelevar måtte lære seg å lytte og vere tolmodige. Det fungerte og på eit vis fann dei fram til gode måtar å kommunisere på.

Etterkvart var det folkehøgskulen som var heime. Etter påske begynte ein ny periode; “skulen er snart slutt”. Ja, det nærma seg og vi kvidde oss vel like mykje alle saman.

I mai stod vi på nytt på skuleplassen med full bil. Vi hadde vore gjennom den tyngste seansen på ein folkehøgskule; tid for avskjed. For oss var det hjarteskjerande å sjå kor lei seg ho blei, kor mange andre som var triste og grein når dei tok avskjed med Hanna. Hjarteskjerande, men også fantastisk å sjå at ho har hatt det godt og fått masse vener og kjende. Ho held kontakten med somme av dei på Facebook, Snapchat og andre kanalar.

Det frista med eit år til på folkehøgskule. Hanna søkte seg til Valdres folkehøgskule og fekk støtte til eitt år til med nye eventyr.

Mange folkehøgskular har linjer for ungdom med særskilde behov. Folkehøgskule passar ikkje for alle. Det krev at ein til ein viss grad kan ta ansvar for seg sjølv. Dei ulike skulane har ulik grad av tilretteleggjing. NAV gjer støtte utover eigenandelen.

Idunn Bøyum, mor til Hanna
Foto: Risøy folkehøyskole

Vil du dele dette med noen andre?