Tung tids tale

Publisert: 13. november 2017

Tung tids tale

I boka “Tung tids tale” skriv Olaug Nilssen om ein gutt som mistar språket og endrer personlegdom og moras kamp for å forstå kva som skjer med guten og få den støtta familien treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Sjølv om Tung tids tale er ein roman, er det vanskeleg å skilje historia som blir fortald i boka frå forfattarens eigen historie, med ein son som gjennom dei første leveåra gradvis mistar språket og blir ein annan person enn den vesle tilsynelatande normale guten han var dei første åra han levde. Dette kom ho også inn på då ho tok del i eit arrangement på Litteraturhuset tidlegare i haust.
Fiksjon eller ikkje – Nilssen fortel ei sterk historie. Om kampen for å akseptere ein livssituasjon som blei ein helt annan enn den ein tenkte seg. Om kampen mot lite fleksible tenesteytarar som ikkje forstår. Om å leve med naboar og andre foreldrar, som latar som om dei forstår, men som sjølvsagt ikkje gjør det. Det er også ei historie om å leve med vald i heimen.
Slik sett er det ei vond historie. Boka gir glimt frå krevjande og grå kvardagar i eit familieliv med autistiske Daniel. Nilssen understrekar dette med at hovuddelane i boka har overskrifter som «Siste måndag i november», «Andre måndag og tysdag i advent», «Første måndag i februar», «Tredje torsdag i mai». Det er ingen søndagar i Tung tids tale.
Men her er også små lysglimt, Som når mor etter å ha vore gjennom harde kampar med å få klede på Daniel, lar han få tygge i stykker ein tannbørste så ho får stelt han, og deretter kjempar på han ytterklede, og endeleg får han på plass i bilen:
«Ute igjen får eg deg i bilen, og eg set på musikken frå Phantom of the Opera, for å avreagere. Då vi har kome inn til sentrum, har humøret mitt kome seg såpass at eg syng med på ariane, då ler du glad i baksetet, og eg kan endeleg smile til deg igjen.»

Me kan lese forskningsrapport etter forskningsrapport om korleis familiar lever med eit annleis barn. Olaug Nilssens roman går bak desse rapportane gjennom sin rapport frå det verkelege livet. Slike historier får oss til å forstå – og kjenne – på ein heilt annan måte enn forskninga får det til.Boka er lest og omtalt av direktør Kristian E. Kristoffersen

Vil du dele dette med noen andre?